Transperson vil flytte fra USA til Norge: «Kjenner på angst og uro»

– Det politiske klimaet i USA er en reell uro for oss, skriver Adaline Simonian. Nå vil utvikleren flytte til Norge med sin ikke-binære partner.

– For litt over to år sidan byrja eg å lære meg norsk. Fyrst var det mest for moro skuld, og for å betre forstå kulturarven til sambuaren min, Olivia, skriver Adaline Simonian. 📸: Privat
– For litt over to år sidan byrja eg å lære meg norsk. Fyrst var det mest for moro skuld, og for å betre forstå kulturarven til sambuaren min, Olivia, skriver Adaline Simonian. 📸: Privat Vis mer

Eg las artikkelen dykkar på kode24, «Hva møter amerikanske LHBT+-flyktninger i Norge?», og dei relaterte artiklane med stor interesse.

Spesielt historia til Andrew Ziehl — eg bur i Seattle, der Andrew flytta frå — og refleksjonane kring Elise Kristiansen sine viktige tankar om kvinnedagen.

Eg kjende straks att mykje frå min eigen situasjon, og fekk lyst til å dele mi eiga historie med dykk og lesarane.

Lærte meg norsk

For litt over to år sidan byrja eg å lære meg norsk. Fyrst var det mest for moro skuld, og for å betre forstå kulturarven til sambuaren min, Olivia. Hen kjem frå Poulsbo, ein norsk-amerikansk by, og har røter i Noreg gjennom ei tippoldemor som emigrerte frå Noreg til USA.

Eg tenkte det hadde vore hyggjeleg å kunne seia nokre setningar til den norske familien hens, kanskje setja om nokre gamle dokument og brev som låg i slekta.

Men etter kvart vart eg forelska i språket. No har eg fått vener i fleire delar av Noreg, studert både bokmål og nynorsk, studert fleire dialektar, og engasjert meg til og med i norsk språkpolitikk. I tillegg driv eg ei samtalegruppe i Seattle for folk som vil prata med andre på norsk, Seattle Norwegian Language Meetup.

Saman med sambuaren min (som er ikkje-binær, eg er transkjønna) prøver eg no aktivt å flytta til Noreg.

Angst og uro

Det politiske klimaet i USA, som artikkelen dykkar òg påpeikar, er ei reell uro for oss. Sjølv om me heldigvis bur i relativt progressive Washington, og ikkje i ein meir konservativ delstat som Texas, har me kjent aukande frykt for vår eigen tryggleik og framtid.

Det ville vore falskt å hevde at me ikkje kjenner på angst og uro. Sambuaren min kjenner ein trans ungdomsskulelærar som flyttar til Spania, der dei ikkje har ein jobb. Det gjer hen fordi hen er redd for kva som snart kan hende her i landet.

Eg ser ganske tydeleg at hen har god grunn for det. Trump sin administrasjon har sagt at dei skal sikte lærarar som viser respekt for eit barn sin kjønnsidentitet, for seksualbrotsverk mot mindreårige. Viss lærarar omtalar eit barn med dets sjølvvald namn eller nektar å avsløre at eit barn er trans overfor foreldre som kanskje ikkje er støttande, må dei no vurdere dei potensielle konsekvensane om nokon rapporterer dei.

Etter å ha høyrt ei historie om korleis ei trans kvinnes juridiske papir vart konfiskerte av utanriksdepartementet, måtte eg til og med planleggje kva som eg må gjera i tilfellet passet mitt eller andre viktige legitimasjonsdokument vert konfiskert når eg prøver å forlata landet.

– Kanskje kan eg bidra til å skapa nye system som kan gjera norske tenester mindre avhengige av amerikanske skytenester, skriver Adaline Simonian. 📸: Privat
– Kanskje kan eg bidra til å skapa nye system som kan gjera norske tenester mindre avhengige av amerikanske skytenester, skriver Adaline Simonian. 📸: Privat Vis mer

Ynskjer å bidra

Men situasjonen er meir nyansert enn som so. Frykt åleine er ikkje heile årsaka til at eg ynskjer meg til Noreg.

For meg handlar det like mykje om det positive eg vert trekt mot. Eg ynskjer å bu nærare dei norske venene mine, å leve i eit land der eg kan bruke språket eg har lært meg å vera glad i. Sjølv før valet i november var eg allereie i ferd med å planleggje å flytta til Noreg.

Dessutan ynskjer eg å bidra med dei teknologiske ferdigheitene mine til det norske arbeidslivet. Det finst mange saker eg kan vera motivert for. Kanskje kan eg bidra til å skapa nye system som kan gjera norske tenester mindre avhengige av amerikanske skytenester.

Eg brenn òg for språkpolitikken, spesielt når det gjeld å styrkje nynorsken og norske dialektar. Kanskje gjennom teknologi kan me gjera det lettare for elevar å lære språket, eller for folk å verne sine dialektar og opprette ordlister og ordbøker som er enkle å bruke.

«Eg var overraska då eg fann ut at kravet om sterilisering av transpersonar fyrst vart oppheva so seint som i 2016.»

Ikkje ein utopi

Før eg byrja å lære norsk hadde eg knapt tenkt på Noreg, bortsett frå enkelte amerikanarar som framstilte landet som ein slags sosialistisk utopi. Men eg forstod ganske tidleg at sjølv om Noreg ligg langt føre mange land på viktige område, er heller ikkje Noreg ein utopi.

Eg var overraska då eg fann ut at kravet om sterilisering av transpersonar fyrst vart oppheva so seint som i 2016. Framleis i 2025 er det mange ikkje-binære i Noreg som slit med tilgang på nødvendig helsehjelp, som hormonbehandling.

Til mi store forbausing viste det seg at akkurat dette faktisk har vore lettare for meg her i USA. I 2017 gjekk eg på legen, bad om behandlinga, og so fekk eg ho. Men eg har høyrt skrekkhistorier frå norske vener om ein inngripande og sårande prosess som ofte lèt etter seg folk utan hjelp. Eg har òg fått høyre historier om diskriminering av transpersonar i det norske arbeidslivet, noko eg sjølv er nervøs for når eg no søkjer jobb frå utlandet.

So ja — Noreg er kanskje ikkje den perfekte utopien enkelte ser føre seg. Men likevel har eg stor tru på landet og folket.

Erfaringa mi med nordmenn eg har møtt, er at dei aller fleste er opne, tolerante og venlege. Eg trur sterkt på at når me møter kvarandre med opne sinn og utan fordommar, kan me skapa ei betre verd saman. Ingen av oss treng å forstå alle nyansar eller vera samde i alt, men me kan alltid velja å vise respekt og empati for kvarandre.

Eg modererer eit nettfellesskap for folk som lærer norsk, Norwegian Language Learning, eller NLL. Kvar dag ser eg høflege, snille, tålmodige, forståingsfulle og herlege folk frå Noreg der som aktivt hjelper språklærande med norsken deira. Ein god del av dei har vorte venene mine.

– Eg ynskjer av heile hjarta at eg ein dag kan kalle Noreg min heim, uansett kva Trump og hans likesinna måtte finne på å gjera med relasjonane mellom landa våre, skriver Adaline Simonian. 📸: Privat
– Eg ynskjer av heile hjarta at eg ein dag kan kalle Noreg min heim, uansett kva Trump og hans likesinna måtte finne på å gjera med relasjonane mellom landa våre, skriver Adaline Simonian. 📸: Privat Vis mer

Eg vert håpefull

Den største utfordringa eg faktisk møter akkurat no, handlar ikkje om identiteten min som transperson, men meir om det praktiske med å søkje jobb frå USA.

Mange norske selskap vegrar seg for å vurdere søknader frå folk utanfor EØS-området på grunn av regelverket, noko eg har forståing for. Men eg er fast bestemt på å ikkje gjeva opp. Gjennom arbeidet mitt på NLL, har eg møtt andre amerikanarar i liknande situasjonar, og eg vert inspirert av at dei heller ikkje gjev opp.

«Eg ynskjer av heile hjarta at eg ein dag kan kalle Noreg min heim.»

Eg kunne sikkert søkt jobbar i andre europeiske land der både helsetilbodet og rettsleg vern for transpersonar er sterkare. Det hadde sannsynlegvis teke meg langt mindre tid å finne ein jobb i eit anna land der jobbutsiktene for innvandrarar er betre nett no.

Likevel finst det ikkje noko anna land enn Noreg eg heller vil bu i. Eg har investert år av livet mitt på å lære språket, skaffa vener eg bryr meg om, og har ein genuin kjærleik til landet og kulturen. Når eg les historia om andre som går same veg, vert eg håpefull. At folk stiller opp for andre då dei verkeleg treng det, gjev meg håp om at eg òg kan finne framtida mi i Noreg.

Eg er takksam for at kode24 løftar fram historiene våre. Eg håpar denne teksten kan bidra til større forståing, empati og kanskje ogso litt positiv endring.

Eg ynskjer av heile hjarta at eg ein dag kan kalle Noreg min heim, uansett kva Trump og hans likesinna måtte finne på å gjera med relasjonane mellom landa våre.

Lat oss halde fram med å kjempe for kvarandre og taka godt imot kvarandre, same kvar me kjem frå.