Hvorfor ble du utvikler? 👶
Har alltid vore glad i gaming, vere kreativ og teknologi.
Eg utvikla min første nettstad som 13-åring. Så med motivasjon frå søster mi så hoppa eg på utdanning innan frontend-utvikling, og samtidig som eg tok avsluttande eksamen så starta eg opp med Kodebonden.
No har hobbyen min blitt jobby, og eg har ikkje angra på det valget. 🙂
Hva jobber du med? 💪
Jobbar til dagleg med å utvikle nettsideløysingar, teknisk drift og vedlikehald.
Ein del av prosjekta mine er samarbeid med andre firma som til dømes har ansvar for logo, tone of voice, biletebruk osv. Det er veldig kjekt, sidan eg ellers jobbar mykje aleine.
Akkurat no er eg i gang med utvikling av ein ny nettstad, der eg har ansvaret for utforminga/design og koding. Når eg ikkje arbeider som Kodebonden, så arbeider eg på garden og er med borna mine.
No kodar eg opp nettsidene i Craft CMS, nyttar for det meste HTML, Scss, JavaScript og Twig. Er glad i å nytte toolkitet «Bootstrap» for oppsett til nettsider.
«Kodebonden er meg og er eit resultat av ting eg er glad i.»
Koding og gårdsdrift er en uvanlig kombinasjon? 🐮
Den kombinasjonen er ganske uvanleg ja, eg har berre høyrt om ein annan Kodebonde, så vi er ikkje så mange.
Kodebonden er meg, og er eit resultat av ting eg er glad i. Det å vere ute i naturen, kjøkkenhagen og styre med dyra gir meg mykje, og eg kunne ikkje vore forutan.
Men så er eg jo også glad i å sette meg ned å nerde litt, om det måtte vere koding eller gaming. For meg er dette ein veldig god kombinasjon, då det lett kan bli litt mykje skjerm når ein liker å kode, game og sjå spanande serier på tv.
Hvordan ser uka ut for deg? 📆
Eg er pålogga måndag, tysdag, torsdag og fredag som Kodebonden. Onsdag er familiedag og barna er heime frå barnehage og skule. Helger og ekstra fine dagar set eg av ute i kjøkkenhagen og på garden.
Angåande møter, så føretrekk eg å møte kunder og samarbeidspartnarar fysisk, men har ellers mykje møter via Teams.
Eg passar på å ikkje jobbe på kveldstid, då det kan vere lett at det vert dårleg vane, sidan eg har heimekontor.
Hva er det neste du har lyst til å lære deg mer om? 🧠
Git og GitHub… Ikkje min sterkaste side. Så dette ynskjer eg å verte betre på.
Ellers har eg alltid hatt lyst å lære meg å spille piano, så det vert kanskje mitt neste nyttårsforsett.
Hva er den mest utfordrende situasjonen du har stått i? 👀
Eg vel å svare ganske generelt på den her:
Det mest utfordrande med å drive for seg sjølv er at ingen kan ta over jobben min om eg vert sjuk, eg kan på ein måte aldri vere «utilgjengeleg».
Eg har ansvaret for ulike nettsider og teknisk drift, så om noko skjer så må kunde få kontakt med meg.
Hva er bransjens største utfordring akkurat nå? 🔭
Vanskelige økonomiske tider.
Ein er redd for å bruke pengar på identitet og merkevarebygging når alt ellers er blitt så dyrt.
Hva er ditt beste tips til andre utviklere? 🤖
Samarbeid med andre og opparbeid deg ein portfolio å vise til!
Og: Nettverk, nettverk, nettverk.