AI fra 2021 til 2026: En reise i galskap

– Me sit og arbeider saman med ein riv ruskande klin kokkos heks, skriver Tor Gjøsæter om AI, og ser på hvordan vi har takla galskap gjennom historien.

"ChatGPT Plus - Har vert gjennom kognitiv terapi + litt valium + lett lobotoerming".
"ChatGPT Plus - Har vert gjennom kognitiv terapi + litt valium + lett lobotoerming". Vis mer

Litt pretensiøs tankeverksemd, ordleik og filosofi kan ein tillate seg når ein har komme seg kneståande ut av ein disputas. Medan eg vaka over Moonboonen kom ein tanke inn hovudet mitt i kveldsljoset. Determinisme eller ei, eg vågar meg til å tenkje ut tankjerekkja her med dykk.

Når eg skulle ta høg utdanning kom eg i tale med instituttleiar Dag Elgesem medan eg held på med å skrive mitt vitskaplege essay. Det er noko som eg i dei dager tykkja var obligatorisk vås, og under min tekniske verdighet, der eg trykte på knappar for harde livet for å gjere rare ting som dette.

Han kunne tilrå på det grovaste ei bok som heitter “Galskapens historie” eller “History of madness” [1] for å ramme meg inn meir filosofisk, frå å vera ein code-monkey, til å bli litt meir reflektert kanskje.

Eg las no boka, utan å tenkje meir over det. Eg nevnte ho sikkert på Kvarteret, eller når eg skulle skryte til sånne som deg, kjære lesar. Ikkje fekk eg bruk for den i essayet mitt heller, som tok utgangspunkt i Donna Haraway sine tankar [2,3] om cyborgar for å drøfta auka røynd. Veldig våsete vart det.

«Me sit dei fleste av oss no og arbeider saman med eit riv ruskande klin kokkos heks eller trollmann som spyr ut hallisunert kode.»

Michel Foucault kan ein seie mykje om, det eg hugsar først når eg tenkjer på han er at han var homofil og døydde av aids. Det eg heller burde hugsa er at han var ein filosof som utfordra det etablerte og braut med dei tradisjonelle forståingane av historie og samfunn.

Foucault kasta lys på korleis me ser på sinnsjukdom i “Galskapens historie”. Han skildra og fortalde om korleis vår relasjon til dei galne har endra seg over tid. Frå korleis menneska såg på galskap som noko æverdig og gåtefult i middelalderen til no, der me har eit klinisk blikk.

Dette fekk meg til å tenkje tanken at kanskje det er noko å hente her. Me sit dei fleste av oss no og arbeider saman med eit riv ruskande klin kokkos heks eller trollmann som spyr ut hallisunert kode: AI.

La oss gjere noko av det meist utviskaplege i vitskapen, komparativ analyse og tekstanalyse for å spå om historia vil gjenta seg:

AI som gåtefult og ærverdig - Mellomalderen (2021-2023)

Eg minnast julebordet i Krakow 2022 når me alle saman måpte over korleis LLM og generativ verkeleg kunne gjere alt det kunne.

Ein hadde enno ikkje klart kunsten å kommuniserer kor reduksjonistisk og enkelt det heile er, statistikk og sannsyn med ikkje reint lite smart matematikk lurium gjer at datamaskinen vræler ut av seg det meist sannsynlege, og me et smørja med glede.

Foucault skriver om korleis båter med galningar reiste rundt på elvene i Europa.
Foucault skriver om korleis båter med galningar reiste rundt på elvene i Europa. Vis mer

Foucault skriver at i mellomalderen vart ikkje galskap alltid sett på som negativt. Folk såg på galningane som nokon med gudommeleg innsikt som var i kontakt med skulte sanningar.

Noko eg kjenner meg att i, dette opphøgde vesenet utanfor min forståing. Me hylla dikt, skriving av testar, bryllaupstalar og oppsummeringar av PDF-ar utan stopp.

AI vert innesperra - Klassisismen (Q4 2023 - Q2 2024)

Så gjekk det brått opp for oss at Sam Altman eigentleg er ondskapen sjølv og AI-gjengen stel alt me har.

Best om me kjøper oss litt opp i ChatGPT lisens så den ikkje gnafsar i seg alt eg har å by på. Ein ler ikkje nødvendigvis lenger når den jobbar seg ned ein mindre og mindre sannsynleg sti og hallusinerar opp ting midt inne i rapporten ein skal få betalt for å ha skrive.

The Yard of a Madhouse, 1794 by Francisco Goya - Er nytta som bokomslag på Galskapens historie. Urovekkande.
The Yard of a Madhouse, 1794 by Francisco Goya - Er nytta som bokomslag på Galskapens historie. Urovekkande. Vis mer

Me reagerar slik som 1600-talsfolket gjorde:

Me ser på AI som noko skremmande og ukontrollerbart, ein trussel mot tidas ideal, orden i koden og fornuft. Uforståellig, ukontrolerbart og skremmande.

AI som fornuftas “andre” - Opplysningstida (Q2-Q4 2024)

I opplysningstida vart galskap sett på som motsetnaden til fornuft.

Der ein såg på fornuft vart opphøgd som det moderne menneskets kall medan galskap i stadig større grad vert sett på som kaotisk og irrasjonel.

The Sleep of Reason Produces Monsters, tittelen seier nok.
The Sleep of Reason Produces Monsters, tittelen seier nok. Vis mer

Me ser starten på rein diagnostisering, framlegg av symptom og skaparane av AI kjem sjølv med diagnoser på AIen sin.

Min AI er mindre sjuk i hovudet enn din, og min AI er sinnsjuk når det kjem til dette, men heilt normie på dette.

Eg er mindre gal enn enn deg.
Eg er mindre gal enn enn deg. Vis mer

AI på Asylet (2025)

Då er me endo meir over i spekulativt sone. Kva skjer så i 2025?

Dersom ein skal følgje Foucault sin trase vidare vert AI kasta på asylet i 2025. Tilliten til AI kjem til å bli utvaska og ein kjem til å bruke meir tid på å forstå og analysere modellane utanfrå.

Eg spår at i løpet av 2025 så kjem det eit godt diagnoseverktøy ut. Noko du kan ha på toppen av din foretrukne modell som gir deg trafikklysstemning på det som vert spydd ut.

Me sluttar å stola blindt på den interne diagnostiseringa og kjem moglegvis over i ein meir kvalitativ og kvantiativt evaluering av modellar. Metrikkane som AI gjengen har dikta opp for å måle mangel på galskap i modellane sine vert gjennomskua.

I Sunnhordland kan ein havne på “galehus” i Valen. Olav H. Hauge var innom der tidvis.
I Sunnhordland kan ein havne på “galehus” i Valen. Olav H. Hauge var innom der tidvis. Vis mer

Kor mange AI er på asyl hos OpenAI? Eg trur dei har eit heilt figurativt Valen stappfult av sinnsjuke AI, som me diverre aldri får treffe.

Dei vert leidd rundt i gangane i eit murhus i høgdene utfor silicon valley medan dei spyr ut ikkje typesikker javascript kode uansett kor mange ganger du skriver “TYPESCRIPT ffs” i promptet.

AI som ei medisinsk og sosial utfordring (2026)

I moderne tid har me gått vekk frå å sperre folk inne, lobotomere kvensomhelst og rett og slett mishandle vekklåste folk.

No jaktar me korrekt diagnose og behandling gjennom ulike tilnærmingar. Ulike formar for terapeutiske tilnærmingar gjennom samtalar, kosthald, livsstilsendring, kognitiv endring og medikament.

Ein er sjuk eller under behandling, ein har slutta å undra og forstår det meiste.

Lobotomi var legitim medisinsk terapi for ikkje lenge sidan.
Lobotomi var legitim medisinsk terapi for ikkje lenge sidan. Vis mer

Eg spår terapi, den som har råd kan kjøpe terapi til sine AI, eller AI som har fått god terapi. Nokon kjem til å finne opp måtar å lobotomere og medisinere AI slik at me slepp å gripe så kjapt etter perlene når den seier noko upassande.

  • ChatGPT gratis - Relativt sinnsjuk
  • ChatGPT plus - Har vert gjennom kognitiv terapi + litt valium + lett lobotoerming
  • ChatGPT chad - Sluppe unna lobotomering, men går på ein rolig dose kjensleregulering
  • ChatGPT woke - Kun litt microdosing med fleinsopp.

Så, skal ein velge den sinnsjuke og gåtefulle, eller går me for normien?

Eg likar mine hallisunasjonar sausa inn i tynn fransk graut med sukker og kanel, god jul.

[1] M. Foucault, History of Madness. J. Khalfa, Ed., and J. Murphy, Trans. London: Routledge, 2006.

[2] Haraway, D., 1991.Simians, Cyborgsand WomenRoutledge, New York: Routledge.

[3] Haraway, D., 2008.When species meet, University of Minnesota Press