Hvordan ble du utvikler? 📚
Det starta da eg var 11 år gammal og skulle lage mi eiga heimeside på Piczo.
Eg vaks opp i ein avsidesliggande (og nydeleg!) dal, der einaste moglegheit for Internett var gjennom eit modem som okkuperte telefonlinja for heile husstanden. Dermed måtte eg førebu alt eg skulle publisere på førehand utan å vite nøyaktig korleis det kom til å sjå ut, noko som tvinga meg til å utvikle ein viss grad av forståing for HTML og CSS.
Eg fekk ikkje erfaring med kode før vidaregåande, der IT-valfaget tok meg med storm. Vegen gjekk vidare til Trondheim og Datateknologistudiet på NTNU, og sidan har eg ikkje sett meg tilbake.
På studiet vart det mykje teori, dermed var det særs givande å vere frivillig IT-utviklar ved Studentmediene i Trondheim og lære det praktiske rundt utvikling saman med ein kjempedyktig gjeng.
Hva jobber du med for tida? 💪
Eg er utviklar i Eika Gruppen, eit selskap som tilbyr produkt og tenester til lokalbankane i Eika Alliansen.
Teamet mitt jobbar med tenestene for sparing i fond. Der har me ansvar for ulike rådgjevarverktøy, alt som er relatert til sparing og pensjon på nettsidene, samt appen Smartspar. Teknologien me jobbar med er stort sett React Native, React, Typescript og Kotlin/Java. For tida jobbar me med større og mindre forbetringar for sluttkundane våre.
Sjølv jobbar eg mest med backend, men stikk gjerne fingrane i frontend-kode når det passar. Eg set pris på å kunne gjere begge deler, men med tida har nok backend blitt mitt sterkaste felt.
I tillegg er eg ein del av «Security Champions»-faggruppa til Eika. Me er ei gruppe utviklarar frå dei ulike produktteama med interesse for sikkerheit. Her held me oss oppdaterte på sikkerheitsrelaterte tema, deler erfaringar og løyser problemstillingar saman. Kvar av oss tek med seg sikkerheitsfokuset tilbake til det dagelege arbeidet i teama våre.
Hvordan ser en typisk arbeidsdag ut for deg? ☕
Som B-menneske med kronisk slumresyndrom nyt eg godt av kjernetid.
Til vanleg jobbar eg frå 09:00. Da loggar eg på, tittar på eventuelle pull requests og andre oppdateringar før eg plukkar opp tråden frå gårsdagen. Teamet har stand-up 09:30, og etter dette set eg i gang med fokustid for fullt. Dagane går i å skrive kode, samarbeide og ha det moro med kollegaar, med eitt og anna møte innimellom.
«Eg starta i denne jobben midt i pandemien, så det er veldig kjekt å møte menneske eg for det meste har sett digitalt.»
Etter at koronarestriksjonane vart fjerna kan me sjølv velje om me vil vere fysisk tilstades på kontoret. Eg er på kontoret tre dagar i veka, noko eg trivst godt med.
Eg starta i denne jobben midt i pandemien, så det er veldig kjekt å møte menneske eg for det meste har sett digitalt. Ein sosial lunsj i kantina er noko eg set pris på, da eg er rimeleg lei brødskiver og havregraut.
Elena har en utfordring til deg: - Gi dem du jobber med litt skryt!
Hva er ditt beste tips til et verktøy andre burde begynne å bruke? 🔨
På MacOS likar eg å bruke Rectangle til å organisere programvindauga mine.
Elles er eg stor tilhengjar av Eika sitt eige CLI-verktøy, som automatiserer store delar av utviklarane sin kvardag frå terminalen. Verktøyet er skrive i Go og knyter blant anna saman byggserver, container-plattform, git-server, loggar og issue tracker.
Vårt verktøy ligg ikkje ute, da det dekker våre spesifikke behov, men sjekk gjerne ut JavaZone-presentasjonen til vår dyktige kollega Tormod om du er nysgjerrig på korleis ein kan setje i gang med å utvikle noko liknande.
Hva har du lyst til å lære mer om framover? 🦉
Eg har satt meg som mål å lære meir om grunnleggjande sikkerheitstesting framover, og blant anna lære meg å bruke verktøy som Burp Suite.
Elles har eg veldig lyst å bli betre i Go, slik at eg kan bidra i utviklinga av Eika sitt CLI og kanskje skrive nokre små verktøy til personleg bruk.
Hva er det verste du kan bli spurt om på jobben? 🔥
Eg har alltid vore dårleg på å estimere på eiga hand, det er som regel skivebom i 100 prosent av tilfella. Heldigvis blir eg ikkje spurt så mykje om å gjere det.
Sandra (27): - Vi må normalisere at nyutdanna utviklere ikke kan alt
Når ble du sist flau, nervøs eller stressa for noe på jobb? 😅
Eg blir alltid stressa og nervøs av å halde presentasjonar. Sjølv om eg berre har positive erfaringar med det, verkar det som hjerna mi ikkje klarar å fatte at det ikkje er farleg.
Hva synes du norske utviklere bør bli flinkere på? 🙏
Mange er flinke til dette, men ein del kan nok bli flinkare til å oppretthalde ein ryddig versjonshistorikk i prosjekta dei jobbar på. Informative commit-meldingar i tråd med conventional commits er god dokumentasjon i seg sjølv.
Oversiktleg versjonshistorikk varmar meg langt inn i hjerterota.
Og så trur eg alle kan ha godt av å ta vare på seg sjølv. Det er viktig med dagslys og god gammaldags gymnastikk. Kva med å stå litt i planken medan unit-testane køyrer?