Eg les nett om korleis skitne rekrutterarar nyttar LinkedIn til å gjere skitne ting på nett.
Viktig å få fram tidleg at eg ikkje står inne for å nytte LinkedIn til nettopp det føremålet.
Unge kvinner sjekkes opp på LinkedIn: «Takker nei til kaffe»
Så over til branfakkelen: “Sjekking på LinkedIn kan være greit”.
Som anekdotisk eksempel, meg sjølv, funka det ganske bra.
“LinkedIn er for business, og ikke for sjekking. La oss bare få det på plass med det samme” seier somme. Dette utsegnet er eg ikkje heilt enig i.
Branfakkel: All oppsjekking på LinkedIn er ikkje ugreit.
LinkedIn vs. Tinder
For meg, i alle fall, så vert det fort svært unaturleg å starte ein samtale om noko som helst anna enn jobb. Eg er ikkje god på anna enn jobbrelatert kommunikasjon, i alle fall tidleg. Mykje av min identitet handlar om jobb, det gjer det også for andre vil eg tru.
Mange av oss på LinkedIn er ganske klamme nørdar, smarte kanskje, men også keitete. Morsomme er me stort sett, men også ikkje så veldig gode i fotball nødvendigvis. Gode på React, men ikkje heilt oppegåande på snikring av terrasser.
Sjekking på LinkedIn: «Slutt å ødelegge andres karriere!»
Det er på LinkedIn eg har den sterkaste sosial-medie profilen, Tinder-profilen min såg heilt jævlig ut i dei dagar.
Ikkje eit vindu inn i min identitiet, kva eg står for eller kva eg bryr meg om, meir ein slags halverotisk, falsk framstilling av meg sjølv. Hadde ein intern spøk inni der, med noko bilde av noko føtter oppå noko. Får litt stresshjarte berre eg tenkjer på det. Huff.
Instagram-profilen min såg ikkje bedre ut når eg traff ho eg elskar. Klovn, krabbe og han (ho?) der frå Mummiland oppi ein vase:
Facebook såg sånn ut:
Ikkje så mange red flags
Eg kan ikkje vanlig sosialmedia – medie? Veit ikkje korleis eg skriver det, ein gong. Mitt liv i andre sosiale medier, som ofte vert nytta som utstillingsvindauge, eller eit slags minimum innblikk i mitt liv, er daudt. Stein daudt.
På LinkedIn, derimot. Der er det mykje bra innhald.
Eg reisar på konferansar. Eg har ein jobb, decent utdanning. Skriver av og til noko som er fornuftig. Ser ut som eg kjenner andre enn berre vennene mine frå ungdomsskulen, og ikkje fult av skriverier frå mor på “veggen”. Ikkje så mange red flags der som på andre sosiale medium.
Så i 2022 når eg hadde truffe ei fortryllande dame i eit forretningsmøte, så tenkte eg “Faen heller, for dumt å ikkje gjere noko som helst.”
Eg mota meg opp og skreiv til ho på LinkedIn.
Litt flaut å dele dette med dykk, men av og til skal ting gjere litt vondt.
Fra LinkedIn til Snapchat
Når eg ser tilbake no, så er det fader meg tydeleg at dette er skrive av ein utan for mange hakk i sengestolpen. Men eg lot meg ikkje stoppa, ein eller anna inngangsport måtte eg ha. Noko må ein jo prøva.
Så mellom biletet ovanfor og biletet nedanfor, er det ein del for flaut og intens kommunikasjon til å vise fram. Men det enda med at eg vågde meg til å komme over på eit meir høveleg sosialt medium: Snapchat.
Dersom ein les nøye i biletet under så har eg klart å i det minste skape eit bilete av at eg er smart. Det vert opp til allmuen å vurdere, særs etter ein slik sjølvutleverande post som dette.
Men LinkedIn klarte betre enn Tinder, Instagram og Facebook og male eit bilete av meg, som gjorde meg verd å snakke med - trur eg.
Så fortsetter historien med myjke rare greier: Eit rigga påskelotteri i Ilder, ein olasekk, og mandre andre flaue, idiotiske, dramatiske og romantiske episodar. Heilt til me er der me er i dag.
Det er vår historie, og vår første sosial medie-melding starta på LinkedIn.
Elskar deg Hildur. <3